Ein stor tidstjuv på slakteria våre er å finne ut av kven som er eigar av slaktedyr når dei er feilmerka eller manglar merking. Tid er pengar, og i Nortura er det bonden som betaler for tida.

Dersom vi ikkje finn ut av kven som eig dyret, kan ein i verste fall måtte avlive dyret på slaktefjøset og destruere skrotten, rett og slett fordi det er ulovleg å slakte dyret når ein ikkje veit kven som er eigar.

Andre fordelar med rett merking

  • Avrekninga blir raskt tilgjengeleg for bonden
  • Slaktekapasiteten aukar og det blir mindre skyving
  • Slaktedata kjem raskt over til Sauekontrollen, Animalia og andre brukarar av slaktedata

Her er typiske merkefeil som det tek tid å rette opp i, og forslag til tiltak:

1) Sau er merka med ulike individnummer

Tiltak: Pass på at det alltid er same individnummer på merkedelane eit lam blir merka med. Sørg for å ha gode arbeidsforhold når du merkar lamma om våren, slik at det er enkelt å pare saman rett nummer. Eit lite bord eller ei tralle er kjekt å ha.

Ein bør ikkje legge øyremerket i lomma dersom det skjer noko som gjer at du må avbryte merkinga. Legg heller merket attende på stripsen der dei ubrukte merkene er festa.

2) Sau manglar øyremerking

Tiltak: Merk lamma rett. OS ID har ein god informasjonsvideo om korleis dette skal gjerast.

Sørg for at sauen alltid har to øyremerke.

Bestill erstatningsmerke frå merkeleverandøren din med førehandsprega dyrehaldsidentifikator og ein E som syner at det er eit erstatningsmerke. Desse merka kan bestillast både med og utan individnummer.

Dersom du skriv på individnummeret sjølv, så bruk ein permanent merkepenn som du kjøper frå merkeleverandøren din. Vanlege vassfaste tusjar held ikkje i lengda!

3) Innkjøpt sau manglar øyremerke til ny eigar

Tiltak: Småfe har ikkje noko individregister slik som ein har på storfe. Når innkjøpt sau, inkludert kåra vêrlam og avlsvêrar, skal slaktast, må dei difor merkast med kvitt tilleggsmerke som viser at dyret er innkjøpt. Merket skal ha dyrehaldsidentifikator til ny eigar og nytt individnummer.

4) Øyremerket er skittent

Tiltak: Dersom ikkje elektronikken fungerer, er vi avhengig av å lese av kva som står på øyremerket utan å bruke tid på vaske det. Vask difor skitne øyremerke før sauen blir levert til slakting.

Foto: Skittent øremerke
Skittent øyremerke; må vaskast før levering til slakting.

5) Det elektroniske merket frå seljar blir lest av, sjølv om dyret har kvitt øyremerke som viser at det er innkjøpt

Tiltak: Når Nortura skal identifisere innkjøpte dyr, er regelen at vi skal lese opplysningane på det kvite tilleggsmerket og taste dette inn. Det er her opplysningane om den nye eigaren står. Dersom dyret har eit fungerande elektronisk merke frå den tidlegare eigaren, kan det fort skje at det er dette som blir registrert på slaktelinja. Før dyret skal til slakt, skal ein difor øydeleggje elektronikken i opprinnelsesmerket for å unngå at dette skjer.

Foto: Øydelegg elektronikken i rfid-merket
Slik øydelegg du elektronikken i eit elektronisk øyremerke.

Antenna ligg ca. 2 mm inn i merket. Set difor spissen på avbitartonga så langt inn som vist på biletet og klem til. Pass på at det som er prega på merket er leseleg etter at du har øydelagt elektronikken. Merket må ikkje dette ut.

Det går også an å kjøpe elektroniske kvite øyremerke. Da er det ekstra viktig å øydeleggje elektronikken i opprinnelsesmerket, slik at det ikkje blir lest av to øyremerke på eit dyr. Da blir dette registrert som to individ, og det blir forskyving på linja.

6) Årets lam merka med fjorårets merke

Tiltak: Ein bryt merkeforskrifta dersom ein bruker fjorårets merke på årets lam. Øyremerket blir også brukt som hjelpemiddel i samband med kategorisering av slaktedyr på slakteriet. Klassifisøren får forslag på om dyret er lam, ung sau eller sau ut frå øyremerket.

Bruk difor aldri fjorårets merker på årets lam dersom du får for lite merker, men send heller ei tilleggsbestilling til øyremerkeleverandøren din.

Dersom du fylgjer desse gode øyremerkevanene, sparar du Nortura mange arbeidstimar med feilretting. Takk for hjelpa!

about marie